Eg hadde ein del restar av finull etter tidlegare votteprosjekt, fire av restenøstene vart brukt til desse vottane. Mønsteret kom til undervegs, og eg er godt nøgd med fargane og mønsteret. Trur vottane vert gode å ha når vintaren kjem. Skulle eg lage eit anna par seinare ville eg vurdert å finne ein annan tommelløsning.
Ute pøser det ned i dag, så eg trur resten av dagen vil gå med til strikke av diverse juleprosjekt. Ha ein fin sundag !