Eg brukte litt tid på å finne kabelen eg treng for å laste opp bilete, derfor har det teke litt tid før eg har fått lasta opp bilete av diverse julegåver.
Eg har for første gong prøvd meg på eit sjalmønster, Kiri.Eg tenkte at det skulle vere uhyre komplisert og vanskeleg, men etter at eg fann ut av mønsteret var det både relativt enkelt og gøy å strikke. Eg skal utan tvil strikke fleire av sjal i 2009. Eg brukte 2 nøste med tynn alpakka frå DSA, så sjalet vart ikkje så stort, men grei storleik for ein nybyrjar. Ho som fekk det i julegåve var godt nøgd, og det er jo det viktigaste for ein strikkar.
Søstra min fann nokre vottar i ein butikk ho ynskte seg til jul, og lurte på om eg kunne strikke nokre liknande til ho. Eg fann ut at det var ganske enkelt å lage eit eige mønster av dei. Bråtet ( er det det heiter) på vottane er ekstra langt, fordi det er bretta dobbelt. Dette gjer at viss det er ekstra kaldt ute, så er det lett å brette ut, og få lengre vottar. Vottane er strikka i 2-tråda alpakka frå Pinnsvindesign. Eg fekk lyst til å lage eit tilhørande hue til vottane, og fann oppskriften i VK-Holiday på Floppy Toque som eit godt utgangspunkt. Eg har brukte Fearytale frå DSA, dermed fekk eg 18 m på 10 cm, istadenfor 14 m. På grunn av endra strikkefastleik auka eg opp til 108 masker i starten. Då kusina vår var her på julebesøk, såg ho hua veslesystera mi hadde fått og tinga dermed ein likeins. Har allereie byrja på ei ny hue i same garn, denne gongen i lys turkis (733).
Har òg strikka ein ny Porom i juleferien. Denne gongen i Mirasol frå DSA. Eg brukte p 3.5 og p. 4, det vart nok litt for små pinner, for hua vart litt i minste laget. Men passar kanskje til nokon med litt mindre hovud enn meg, så kan sikkert gje den som gåve ein gong.
Strikkeplanane for januar:
- Gjere ferdig Floppy Toque i turkis.
- Strikke ein Porom til meg sjølv, har tinga garn frå Jamieson Shetland Wool
- Strikke ein Porom som tanta mi har tinga.
- Strikke ein Koolhaas til ei anna tante.
- Strikke Thermis i bursdagsgåve for storesøstra mi.
- Kome eit godt stykke vidare på Mariusgenseren min.
Men før det er det eksamen....