It's a long time since my last blog post, there's been so much to do in real life :) I thought I'd show you some Christmas presents I've knitted. For my friend I've Koolhas in petrol alpaca-silk, a very soft hat.
No er det verkeleg lenge sidan førre blogginnlegg. Eg har strikka sidan sist, men det har hendt så mykje i det verkelege livet, slik at blogginga har vore litt nedprioriert. Nokre julegåver er strikka ferdig no. Eg har strikka Koolhas til ei veninne av meg i Babysilk frå Du Store Alpakka. Eg laga først ei hue i lilla, og følgde mønsteret etter kvinnestorleiken, men forstod at eg var ferdig at den nok vart litt i minste laget. Derfor byrja eg på ei ny hue i petrol med utgangspunkt i herrestoreleiken, trur denne hua skal vere passe til veninna mi. Den første hua, endte mor mi med kjøpe og det vert ei julegåve til ei lita kusine av meg. Så alt gjekk no bra til slutt :) Eg har ikkje noko levande modell som kan vise fram hua, men fann ut at bamsen fekk prøve seg.
For my nephew I've made a vest from left-over yarn I had of Dalegarn Babyull. I love the colours, and hopes it fit my nephew.
For den eine nevøen min har eg laga ein restevest til julegåve. Eg har brukte rester eg hadde av Dale Babyull, og synest fargane er heilt nydelege. Eg nytta "Stribe på stribe vest" i boka Sødt og blødt av Lene Holme Samsøe som inspirasjon. Men på grunnn av at eg brukte garn med anna strikkefastleik og endra storleik frå 3 til 4 år har eg gjort ein del endringar på mønsteret. Eg er godt nøgd med vesten og kryssar fingrane for at vesten passar.
Comments
You can follow this conversation by subscribing to the comment feed for this post.