Nett no held eg på meg å strikke ei jakke til meg sjølv. Mønsteret er kragejakke til vaksne frå Strikk til nøstebarn. Garnet er Shetland Soft frå Malsen og mor som er veldig godt å strikke med, og fargen, olive, er berre heilt nydeleg. Eg har byrja med ermene, og strikkar ein ekstra lang vrangbord med tommelhôl. Dermed kan eg ta notat på kalde førelesningssaler utan å fryse på fingrane. Elles kan eg gjerne rå deg til å handle hos Malsen og mor, flott service, levering og produkt.
Når eg i førre post byrja å gå gjennom kva eg har strikka i den lange bloggpausen min, kan eg ta med to prosjekt som eg gjorde ferdig i sommar. Til niesa mi som vart 2 år, laga eg kjolen Fiona. Strikka i lammeull frå Rauma og med grøn rest i Duo merino. Synest kjolen vart flott, men dessverre kanskje litt kort for niesa mi. Ei anna bursdagsgåve var sjalet Ishbel av Ysolda. Mønsteret var veldig bra skrive og lett å strikke. Synest òg sjalet vart flott. Eg strikka den minste storleiken, som m.a. passar godt å ha i halsen. Har allereie planar om å bruke dette mønsteret fleire gongar .
Kjekt å ha deg tilbake i bloggen igjen. Og det er mye fint du har laget siste halvåret, om ikke bloggingen akkurat har hatt sin storhetsperiode..
Posted by: lise | September 13, 2009 at 07:51 PM