Bloggen min har verkeleg vore død i ca eit halvt år, noko eg ikkje er særleg stolt over. Deler av grunnen til at det har vore så stille er at dataen min byrja å verte særs treg og lite samarbeidsvillig. Men på fredag har eg fått meg ein ny mac, og vonleg vert det betre då :)
Sjølv om det har vore lite blogging, så har eg framleis strikka. I vår var eg på ball med studiet, og trengte ein bolero til kjolen min. Etter å ha leite gjennom Ravelry på jakt etter det perfekte mønsteret endte eg opp å kombinere to mønstre, February Lady Sweater og Top-Down Shoulder Warmer. Eg strikka den i Finull. Har brukt han ein del, han er både god og varn.
Nyleg gjorde eg ferdig Tunikaen frå Strikk til nøstebarn til meg sjølv. Tunikaen er strikka i 2-trådsgarnet til nøstebarn i lyng-lilla. Tunikaen er fantastisk god å ha på, og den var rask å strikke. Trur eg kjem til å bruke han mykje til vinteren.
No må eg lage litt mat, men eg er ganske viss på at det vert mindre enn 6 månader til neste blogginnlegget.
Comments