Eg har lenge tenkt på å strikke "Den dama"-hanskene, og skaffa meg mønsteret for lang tid sidan. Hadde tenkte meg at hanskar skulle vere skikkeleg stress å strikke, men det gjekk overraskande greitt. Mykje takka ein velskriven oppskrift. Hanskane er strikka i New Zealand lammeull, og brukte ca 40 g til paret. Det einaste problemet eg hadde med hanskene var med den høgre mansjetten. Eg fann aldri heilt ut korleis eg skule strikke den riktig saman og få knappehôlet på rett stad. Eg endte etter mykje om og men å godta at eg ikkje fekk det heilt rett, og strikka vidare. Har lyst til å strikke eit par til av hanskene og får prøve å sjå om eg finn ut av korleis den høgre mansjetten skal vere då.
Eit nytt par av MItered mittens har det òg verte sidan sist. Eg er særs glad det i det mønsteret. Vottane har ein veldig god passform. Eg har følgt mønsteret, med unntak av at eg har nytta denne måten på å strikke tommelen. Garnet eg har brukt er tynn alpakka, Fotrama Alpakka, frå Pinnsvin design. Kanskje ikkje det mest slitesterke garnet, men særs mjukt. Kosevottar :) Begge desse handplagga vert nok julegåver, men har ikkje heilt funne ut til kven enno.