Særs lenge sidan sist blogginnlegg, men eg prøver jamvel på nytt. Sidan sist har eg prøvd ut Merino extra fine frå garnstudio. Verkeleg eit godt garn å strikke med. Håper det held seg like godt i bruk, er berre litt redd for at det kan verte litt nuppete. Har strikka to gåver i dette garnet som snart skal overleverast.
Har sett fleire flotte varianter av Topp med bladmønster i bloggverda. Synest bladmønster er veldig flott, og tenkjer denne må passe flott til niesa mi som snart vert 3 år.
Har òg strikka ei jakke med raglanfelling til ein gut som enno ikkje er fødd. Av restane vart det nok til eit par små grøne sokker. Jakke er strikka i str 6 mnd, så vonleg vert den god å ha til hausten. Mønsteret er frå garnstudio.
Ha ein fin kveld :)
Flotte gaver du har laget.
Ha en fortsatt fin kveld!
Posted by: Thorunn | July 08, 2010 at 10:21 PM