Kragejakka frå førre innlegg er no ferdig og teke i bruk. Med dobbeltråd Shetland Soft er jakka både god og varm. Eg er særleg nøgd med tommelhôla, og dei er særleg nyttig når ein skal skrive notatar i kalde førelesningssalar. I tillegg er grønfargen ein favoritt hos meg. Det vanskelegast med jakka var i grunn å finne knappar som kunne passe, men eg fann til slutt nokre brunmønstra som kunne brukast.
Mønster: Kragejakke frå Strikk til nøstebarn - storleik M.
Garn: Shetland Soft, farge Olive, 770 gram.